Meny Lukk

Heim-skole-samarbeid

NAFOs side Hjem-skole-samarbeid i grunnskolen er no oppdatert. Her kan du sjå filmar og lese om korleis skolen kan leggje til rette for ein god dialog med fleirspråklege foreldre gjennom mellom anna eit godt første møte, gode foreldremøte og bruk av tolk. Du kan òg finne døme på korleis nokre kommunar og skolar arbeider for å skape eit godt samarbeid med heimen.

I august skal mange skolar ta imot elevar og foreldre som ikkje har så mykje erfaring med norsk skole og norsk språk. Korleis etablere eit godt samarbeid med desse familiane?

Gjensidig og likeverdig samarbeid
Eit godt samarbeid mellom skole og heim er viktig for trivselen og læringsutbyttet til elevane. Skolen har ansvar for å leggje til rette for ein gjensidig og likeverdig dialog med foreldre, også der foreldre snakkar eit anna språk enn norsk. Eit godt samarbeid inneber altså meir enn berre å informere. Det er viktig at forventningane skole, foreldre og elevar har til kvarandre vert tydeleg uttalt og forstått av alle partar. Først da kan samarbeidet seiast å vere likeverdig og gjensidig. Les mer her.

Publisert iAktuell info